Voss Taxi SA gjer Voss Frivilligsentral ei førjolsgåve på kr. 15.000,-

Voss Frivilligsentral ynskjer å takka lokal verksemd for pengegåve på kr. 15.000,- Me deler den rørande e-posten me fekk av Voss Taxi SA og Norges Taxiforbund avd Vestland.

Voss frivilligsentral tok kontakt med Voss Taxi  SA for å spørje om dei ynskja å køyra på julaftan. Her er det rørande svaret me fekk. 

Klart me køyrer i år og. 

Men da er litt løye du tek kontakt akkurat no, for eg  sat nemleg å skulle skriva til dykk både når da kom til julefeiringa i Frelsesarmeen. Men og at julaftan kom tidleg for dekan på Voss frivilligsentral og. Forklaring følger:

29.10.2022 hadde Norges Taxiforbund avd Hordaland årsmøte på Scandic Voss. Her kom det folk ifrå drosjesentralar ifrå heila fylket, samt inviterte gjester som t.d. taksameter forhandlar, Telenor, diverse bilforhandlar og ei rekkje andre aktørar innan drosjenæringa.

Ein tradisjon som ein har på desse møta er at me har eit lotteri der me loddar ut innkomne gåver, der pengane skal gå til eit godt føremål. Ein del av denne tradisjonen er at det er den lokale drosjesentralen der årsmøtet vert halde som får bestemme kva og kven desse midlane skal gå til.

Som de kanskje såg i Avisa Hordaland for nokre månadar sidan så hadde me og årsmøte på Voss i 2020, den gonga valde me å gje gåve til Dansefoten. Noko som me for så vidt gjorde, men me vart godt og vel 2 år forsinka på grunn av den hersens pandemien.

Så i år falt valet vårt på  Voss Frivilligsentral ganske naturleg. Då me ynskjer å bidra med det me kan her lokalt i bygda. Me har hatt mykje med kvarandre å gjort oppigjennom tidene, med alt i frå transport av eldre til og frå i Haugatun, julegjester på jolaftan og ein og annan ungdom som trengde skyss heim att ein sein kveld, som natteramnane hadde teke hand om.

På mange måtar driv me vel litt med da samma. Og me meina at i dagens samfunn så er det viktig at ein visar at ein bryr seg, og at ein set pris på kvarandre, og at ein og heidrar dei som står på for at andre skal kunne ha da betre.

Samla sett med det som kom fekk inn på lotteriet samt noko ekstra ifrå drosjesjåførane på Hestavangen så ynskjer Norges Taxiforbund avd Hordaland og Voss Taxi SA å få overrekka dykk ei gåve på kr.15 000.

For Voss Taxi SA, Heine Ringheim, dagleg leiar Voss Taxi SA.


2024 © Voss frivilligsentral