Dei frivillige

”Det byrja med at eg kom for å hjelpa Eirik, i dag veit eg ikkje kven som hjelper kven”  Sitat frå ein frivillig.

 Utan frivillige stoppar frivilligsentralen.

Svært mange av dei frivillige kjem frå eigarlaga, og ein stor del av desse frivillige er kvinner. Desse gjer ulike oppgåver enten i gruppeaktivitetane som vert drivne eller som ein-til-ein hjelp.  Vi skulle gjerne sett fleire menn mellom dei frivillige.

Natteravnene utgjer den største gruppa med frivillige.  Alderen på desse spenner frå unge vaksne til pensjonistar.  Det som kjenneteiknar desse er at dei ynskjer å gjere Voss til ein trygg og god stad for ungdomane våre.

Vi har bruk for fleire frivillige og fleire brukarar.  Dette fordi vi veit at det er mange som sit einsame og som treng og ynskjer nokon å snakke eller vera saman med.  Dei timane du brukar som frivillig er nyttige både for den som treng hjelp og den frivillige.

Har du nokre ledige timar pr. veke som du kunne tenke deg å bruke til frivillig arbeid? 

Dersom DU ynskjer å starte opp noko innan frivillilgsektoren så ta kontakt, kanskje Nabobeino kan hjelpe deg i gang med det tiltaket du drøymer om å starte.

2024 © Voss frivilligsentral