Voss Frivilligsentral

Me held til i kjellaren i Haugatun Burettslag.

Her har me forskjellige aktivitetar, alt frå trimgrupper, strikkekafe og karalag til organiserering av ulike organisasjonar på Voss. 

Natteramnane, datahjelp og ein - til  - ein hjelp for dei som treng det. 

Me har mange sosiale arrangement og aktivitetar som alle er hjarteleg velkomne til å delta på.

Kjenner du nokon som ynskjer å delta på ein aktivitet eller har behov for å væra sosial, ta kontakt!

Ynskjer du hjelpa andre med noko me ikkje har på timeplanen eller treng hjelp til noko anna enn dei aktivitetane me tilbyr i dag så ta kontakt med oss. 

Voss Frivilligsentral 

Telefon: Pernille Olafsen Mustad 

Telefon: 97 17 79 85

E-post: post@voss.frivilligsentral.no 

Facebook: Voss Frivilligsentral 


Ynskjer du å gje oss ei pengegåve?

Kontonummer:

Sponsormidlar og til Natteramn - MC-ramn: 3480.13.68877

VIPPS: 544161 ( Loddsal- går til sentralen)

Frivillig!

Vil du bruke litt av di tid saman med andre?

Vil du treffe nye mennesker?

Vil du være med å sette dine og andres idéer ut i livet?

Frivilligsentralen er kort sagt ein møtestad som formidler kontakt mellom mennesker i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpe.

Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruke deg sjølv er den betalinga du får.

Det er berre fantasien som setter grenser for kva som kan gjerast frivillig.

Alle kan ha bruk for litt hjelp! 

Alle kan bidra med litt hjelp!

Er du ein av dei som ynskjer:

Å få besøk - eller gå på besøk

Treng litt hjelp - eller kan bidra med litt praktisk arbeid

Treng nokon å går tur med - eller vil fylgje på tur

Ynskjer å få utført - eller utfører små ærend

Treng fylgje - eller vil fylgje nokon til lege, tannlege, osv

2024 © Voss frivilligsentral