Natteramn

Me treng fleire Natteramner!  Me har ledige vakter haustsesongen 2019!

Det handlar om å bry seg!


Natteramnene er ganske alminnelege vaksne, med mot til å vera vaksne og som har sosialt overskot til å gjere ein frivillig innsats for den lokale tryggleiken – i samarbeid med det lokale hjelpeapparatet, og til glede for alle.

Hovedmål:  Å auke den lokale tryggleiken og indirekte forebygge vald og hærverk ved å vandre gatelangs der born og unge ferdast på sein nattetid.

Her på Voss samarbeider me med: Politiet, Gryto, Utekontakt,
Ungdomsdiakon, Vossa skulane, Tryg, Sentrumshotella,
Shellstasjonen, Vaktservice, Raude Kross og Drosjane. Me har møte med samarbeidspartnarane våre 1-2 gonger i året. Politiet/utekontakten inviterer og til møte med alle som skal ut å gå natt til 1.mai og natt til 17.mai 

Me er ca.40 natteramnar som har gått ute natt til laurdag og søndag i tidsrom 30.april-22.juni og 28.august.-02. november. Natteramnane startar kl. 22.30  og går til ca. 03.30 eller til det blir stilt i gatene.
Natteramnene møter i Voss frivilligsentral-  Nabobeino der ein hentar jakker og sekk med naudsynt utstyr. Dei kan gå innom Shellstasjonen og kjøpe seg en matbit om dei ynsker det, elles så får dei gratis kaffi hjå shell,  Inside Voss og Park Hotel Vossevangen.

Natteramnene skal ikkje leggje dempar på ungdomen, men me skal vera eit førebilete med å vera synlege og ansvarlege og me skapar trivsel og tryggheit blant ungdomen.

Natteramnene er blitt kalt Norges viktigaste vaksenopplæringsprosjekt.  Som Natteramn får du saman med andre foreldre/besteforeldre oppleva korleis dei unge sitt miljø er utanfor heimen.

Natteramnene skal ikkje løyse sosiale problem, gå inn i konfliktar eller vera reservepoliti, men vera synlege og tydelege vaksne som gjev tryggleik og forståing mellom born og vaksne.

Det er bevist at natteramn ved å vera til stades reduserer vold og hærverk, me er ynskja av ungdomen og me bidreg til større tryggleik.


 

 

 

 

 

 

 

2020 © Voss frivilligsentral - Nabobeino