-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2025
Sjå kalendaren med mange aktivitetar i Voss herad. For dei som gjerne har fri dagtid og for dei som er i pensjonsalder.
MC - Ravnene Voss
Natteramnar på motorsykkel!MC – RAMN er eit spanade tilskot til dei gåande natteramnane. Det finst MC-Ramn grupper fleire stader i Noreg. Spanande at me også har fått til å etablera MC-ramnar på Voss. Me har 21 MC-ramnar på Voss, men treng mange fleire. MC-ramnane er blitt populære og oppnår lett kontakt med ungdomane. Me ynskjer å dekkja større delar av Vossa- områda der ungdom samlar seg. Det blir mykje lettare å få til no når me har ramnar på to hjul i tillegg til vandrande natteramnar. Vonar alle som ynskjer og væra med i arbeidet for å trygga ungdomen vår på Voss melder seg som MC-ramn eller natteramn.
For meir informasjon ta kontakt med arrangør:
Voss Frivilligsentral , Tlf: 916 71 027, E-post: post@voss.frivilligsentral.no
Sjekk ut desse sidene for meir informasjon:
https://voss.frivilligsentral.no/
https://www.natteravn.no/om-natteravning/
https://www.facebook.com/natteravnenevoss/
https://www.facebook.com/groups/608087619707357/ (MC-ramnane si informasjons gruppe)
Del på:
-
Bli med på Frivilligbørs 29. januar 2025
Me arrangerer Frivilligbørs for første gong på Voss. Bli med!
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk
Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.
-
Middag og Song
Me serverar middag frå Kveik annankvar måndag. Me et og syng i lag. Bli med!