MC-RAMN på Voss

Natteramnar på motorsykkel!

F. v Robin Fauskanger frå Nordhordland MC – Ravn, Kristin Kvåle Kjeilen frå Voss Frivilligsentral- Nabobeino 

MC – RAMN er eit spanade tilskot til dei gåande natteramnane. Det finst MC-Ramn fleire stader i Noreg. Spanande at me også har fått til å etablera MC-ramnar på Voss. Me har no 13 MC-ramnar på hjul og ei som sit bakpå. MC-Ramnane er blitt populære og oppnår lett kontakt med ungdomane. Me ynskjer å dekkja større delar av Vossa- områda der ungdom samlar seg. Det blir mykje lettare å få til no når  me har ramnar på to hjul i tillegg til vandrande natteramnar. Vonar alle som ynskjer og væra med i arbeidet for å trygga ungdomen vår på Voss melder seg som MC-ramn eller natteramn.

For meir informasjon ta kontakt med arrangør: Voss frivilligsentral – Nabobeino, Kristin Kvåle Kjeilen 916 71 027, Kjellfrid Skutlaberg 971 77 985, e-post: post@voss.frivilligsentral.no

Sjekk ut desse sidene for meir informasjon:

https://voss.frivilligsentral.no/

https://www.natteravn.no/om-natteravning/

https://meland.frivilligsentral.no/anna/nordhordland-mc-ravn/

2020 © Voss frivilligsentral - Nabobeino