-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Mat, prat og hygge
Velkomen til middag på Frivilligsentralen – annankvar måndag!Her kan du nyta god, heimelaga mat frå Kveik i triveleg lag.
Ta med deg ein ven, nabo eller kom åleine – her er det plass til alle. Det viktigaste er det gode måltidet, praten rundt bordet og hygge i lag. ❤️
Meny
Måndag 31.08 – Raspekaker med lammebog og tilbehøyr
Måndag 14.09 – Fiskegrateng med tilbehøyr
Måndag 28.09 – Fleskepannekaker med baconfett og tilbehøyr
Måndag 12.10 – Kjøttkaker med ertestuing og tilbehøyr
Måndag 26.10 – Raspekaker med lammebog og tilbehøyr
Måndag 09.11 – Fiskerullade med smørsaus og tilbehøyr
Måndag 23.11 – Fleskepannekaker med baconfett og tilbehøyr
Måndag 07.12 – Joletallerken med ribbe, medisterkake og tilbehøyr*
Alle middagane inkluderer kaffi og dessert!
Kor og når?
Frivilligsentralen, underetasjen på Kulturhuset kl. 13.00
Pris Kr 200,- – betaling med kontant eller Vipps
*Joletallerken: Kr 250,-
Påmelding:
Meld deg på torsdagen før middagen: post@voss.frivilligsentral.no, eller på tlf: 97 17 79 85
Det må vere minimum 5 påmelde for at middagen skal gjennomførast.
Velkomen til ein god middag, gode samtalar og eit hyggeleg fellesskap! ❤️
Del på:
-
Bingo for alle ein gang i månaden!
Bingo banden kjem til Frivilligsentralen siste onsdagen i månaden fram til jol.
-
Bli med på Frivilligdagen!
5. september arrangerer me Frivilligdagen igjen! Bli med som utstillar, eller publikum.
-
Bli med på morgonbad kvar mandag!
Me startar måndagane med eit friskt bad i Vangsen, før me et frukost og drikk kaffi i lag på Frivilligsentralen.
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden klare til hausten att!