Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk

Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.

Treng du hjelp med telefon, nettbrett eller datamaskin?

Her kan du få hjelp – eller du kan hjelpe andre.
Ingen spørsmål er for dumme, og saman blir me betre til å bruke telefonen, nettbrettet eller datamaskina vår.

Me ønskjer å ha eit tema på kvar Dataklubb framover. 

Tanken er at me startar kvar samling med ein liten presentasjon eller ei problemstilling som me tek opp i plenum. Mot slutten av samlinga kan me ha ein «ein-til-ein»-del, der deltakarane kan få hjelp med konkrete spørsmål eller problem dei har.

Her er ei oversikt over tema me ser for oss framover:

30.09: E-post
– Sikkerheit og brukarflater
– Oppsett av e-post

14.10: Mappeorganisering og appar

28.10: Parkering, kulturappar, reise- og bonusappar

11.11: Open samling
– Oppfølging av appar og e-post
– Hjelp med spørsmål frå deltakarane

25.11: KI
– Kva er KI?
– Korleis fungerer det?

09.12: Sosiale medium (SoMe)
– Facebook
– Instagram
– Snapchat


  • Ingen påmelding – berre møt opp!
  • Ta med telefon, nettbrett eller datamaskin.
  • Kor: Voss frivilligsentral, Kulturhuset, underetasjen
  • Når: Annankvar onsdag frå 16. september (partalsveker)
  • Klokka: 11.30–13.00
  • Pris: Gratis
2026 © Voss frivilligsentral