Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Voss Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Voss  Frivilligsentral er me opptekne av at du skal ha tillit til oss og korleis me behandlar personopplysningane dine. I denne personvernerklæringa informerer me om korleis me innhentar, oppbevarer og bruker personopplysningar. Målet vårt er å vera heilt opne om dei data me samlar inn og gi deg forståing for korleis desse dataa blir brukte og evt. blir delte.

Kva opplysningar me samlar inn og behandlar informasjon om våre frivillige. Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Derfor har me eit register over dei frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykke til lagring av følgjande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilete
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltek på

Frivillige som ønskjer det, får tilgang til å logga inn på systemet, og kan då sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkla kontakten mellom dei frivillige. Me sørgjer for at alle våre frivillige underskrivar teielovnad og innehentar politiattest for dei som skal arbeida med barn og ungdom. I registeret vårt lagrar me informasjon om teielovnad og politiattest.

Informasjon om brukarane våre/tenestemottakarar

Når me formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng me å ha kontaktinformasjon om dei som får tenestene. Dette blir gjort for å forenkla kommunikasjon mellom dei som er involverte og for å levera ei god teneste.

Informasjon om deltakarane våre

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng me av og til å vita kva personar som deltek. Her lagrar me for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som besøkjer nettsidene våre

For dei som besøkjer nettsidene våre, samlar me inn bruksdata for å kunna tilpassa sidene best mogleg. Me nyttar Google Analytics til å måla bruken av nettsidene. IP-adressa blir anonymisert ved at me slettar den siste siffergruppa. All kommunikasjon går føre seg over sikkert samband med https.

Informasjon om dei me er i kontakt med

Me lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei me er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tek me vare på inn- og utgåande e-postar for arkivbehov. Me har ikkje noko sentralbord, men bruker ein mobiltelefon som hovudnummer.

Kven deler me personopplysningar med?

Me deler informasjon om bruker/tenestemottakar til frivillige der me meiner det er nødvendig. Elles deler me ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.

Dine rettigheiter

Personar som har personopplysningar hos Voss Frivilligsentral kan be om følgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar me har om vedkommande
  • Slette opplysningar som me ikkje lengre har grunnlag til å oppbevara
  • Begrense eller stoppa behandlinga av opplysningane dine

Ta gjerne kontakt med oss viss du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nedst i dokumentet.

Viss du meiner at me behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klaga til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at me kan svara på spørsmåla dine eller oppklara eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

  • Voss Frivilligsentral
  • Org.nr: 829 49 1362
  • Kontaktpersoner
    • Pernille O. Mustad  (dagleg leiar)
    • Oddvar Nestås styreleiar
  • Telefon: 971 77 985 
  • E-post: post@voss.frivilligsentral.no 
  • Adresse: Aad gjellesgt.6, 5700 Voss


2024 © Voss frivilligsentral