Saman for ungdom - Inspirasjonskveld for foreldre

Kom og høyr spanande føredrag og møt nokre av dei som arbeider saman for at ungdomane våre skal ha det bra.

Måndag 20. januar inviterer Voss Frivilligsentral, Voss herad, Kirkens Bymisjon, Voss Røde Kors, Åwesome Foredrag og Adil Khan alle føresette til eit føredrag om psykisk helse i Gamlekinoen.

Adil Khan er for mange kjend som vinnaren av den fyrste sesongen av So You Think You Can Dance på TV Norge, dommar i Norske Talenter på TV 2, og programleiar for Adils hemmelege dansere på NRK. Han har stått på dei største teaterscenene i Noreg og har fått ei rekkje prisnominasjonar for roller i TV, film og teater. Talentet og formidlingsevna hans har gjort han til ein kritikarrost skikkelse i kulturbransjen. Hans siste prosjekt på skjermen var Adils hemmelege dansere på NRK, som vart nominert til Gullruten for begge sesongane, og siste sesong enda opp i Gullrekka.

Føredraget Motstand = styrke har vorte omtalt som oppvekkjande, usminka, brutalt, samfunnskritisk og ærleg. Adil snakkar om korleis kvar enkelt av oss kan få kontakt med sinnet vårt og den indre dialogen som ofte kan jobba imot oss. Dagens samfunn pregar oss med ein sterk forventnings- og prestasjonskultur, der det stadig er eit jag etter suksess og stadfesting. Adils imponerande CV vitnar om stor suksess, men den indre tomleiken han har kjend gjennom livet, er noko han no set ord på.

Føredraget skildrar ein oppvekst prega av mobbing, rasisme, utanforskap, truslar, vald, sosial angst og ekstreme forventningar frå både foreldre, skule og miljø.

Adil har ei unik evne til å avtabuisera vanskelege tema og stigma knytt til psykisk helse. Han gir menneske eit språk for å uttrykka kompliserte tankar og kjensler. Som lærarar, ungdomsarbeidarar og foreldre har me ei nøkkelrolle i utviklinga til ungdom. Me er med på å forma dei som menneske gjennom normene, verdiane og kunnskapen me gir dei – i barnehagen, på skulen og i livet elles. Adil reflekterer rundt dette i foredraget og deler døme på nøkkelpersonane han sjølv har hatt i livet sitt, og kva det har ført til. Han gir også konkrete verktøy og teknikkar for betre kommunikasjon med ungdom.

Problemstillingar i føredraget:

  • Kva påverknadskraft har me som vaksne på ungdom og handlingane deira?
  • Korleis kan me sjå ungdommen for den dei er, og støtta dei på vegen vidare?
  • Korleis kan me som vaksne tilpassa kommunikasjonen for å skapa openheit, dialog og trygge omgivnader for ungdom?

Praktisk informasjon:
Dørene opnar kl. 18.00, og foredraget startar kl. 18.30. Det varer til ca. kl. 20.30.
Frå kl. 18.00 vil du møte heletenesta i heradet, Mental Helse, Natteravn, Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Gryto med ungdomsavdelinga i heradet, politiet med meir.
Kaffi blir servert. 

Velkomen!

Arrangementet er støtta av Sparebanken Vest

2025 © Voss frivilligsentral