Saman for ungdom!

Inspirasjonskveld for foreldre. Måndag 29.januar kl.18.00-20.30

Natteramn Voss saman med samarbeidspartnarar inviterer til ein inspirerande kveld i det nye bygget til Voss ungdomsskule.
Her ynskjer me å samla foreldre til tenåringar til ein kveld kor ein kan høyre om viktige tema retta mot ungdomen, møte andre foreldre og ikkje minst treffe nokre av dei som jobbar saman for at ungdomane våre skal ha det godt.

Me vaksne har ei viktig oppgåve med å trygga og rettleia ungdomen, ikkje minst vere oppdatert på kva som skjer i bygda for dei. Her er ein fin moglegheit til å blant anna setje seg litt inn i kva som forgår for tenåringen sin. 

Natteramnarane og politiet på Voss vil sei litt om arbeidet ein gjer, samt Kirkens Bymisjon, K-FUK K-FUM, Røde Kors, Utekontakten, kommunepsykologane med fleir vil vere tilstade for ein uformell prat. 

Me har også to kjekke føredragshaldarar; Daniel Grindeland og Henriette Konradsen som skal la oss inspirera og læra. Les meir om dei to nedanfor: 

Daniel Grindeland:

Daniel er ein engasjerande foredragsholdar med fagleg tyngde, nærvær og mykje energi. Imot alle odds starta Daniel på Vidaregående skule og gjekk til slutt ut som eleven med høyast kompetanse. No levar han av breaking og teater og satser for fullt mot OL 2024 i Paris. Med sin bakgrunn som 'problemborn' frå skuletida og no som leiande innan sitt felt dans, held han inspirerande foredrag rundt tema motivasjon, disiplin og engasjement. 
Daniel held foredraget Motivasjon & Veivalg som omhandlar Daniels oppvekst og dit han er i dag.
Daniel vil også ha eit foredrag for elevar på ungdomskulen i skuletida der han òg har ein workshop. 

Etter føredraget på kvelden vil Daniel holda ein ny workshop for ungdomen i Gryto.
Les meir om Daniel HER. 


Henriette Kondrasen:

Henriette er psykolog som har jobba hjå Hedvig Montogomery sida 2018. Henriette har mykje erfaring med born, unge og deira foreldre. Ho har tidligare jobba fleire år i offentleg helsevesen kor ho har jobba tett på bornehagar og skuler, med blant anna rettleing av tilsette over tid. Ho er sertifisert i Circle of Security (COS-P) – eit foreldrerettleingskurs basert på nyare tilknytningsteori. Ho har òg vidareutdanning i emosjonsfokusert par- og familieterapi (EFT). Henriette er ein aktiv kurs- og føredragsholdar for foreldre, bornehager, skuler og profesjonelle som jobbar med born og unge. Føredraget Henriette held heiter 'Hold meg - Slipp meg' som omhandlar korleis setja grenser for ungdomen, men like vel gje dei tillitt. Her får ein verktøy til korleis ein kan støtta og hjelpa tenåringen sin.
Les meir om montgomerypsykologane HER

Det vil vere mingling og servering mellom og etter føredraga. 

Kvelden er gratis og ope for alle.

Me håper å sjå deg! VELKOMEN!

2024 © Voss frivilligsentral