Ferietur

Ferietur til Krypros - 2012

20. mars reiste vi med ei gruppe på 22 personar til Fig Tree Bay på Kypros. Vi vart henta med buss på Tinghusplassen og vart leverte der etter avslutta tur. Vi har hatt godt samarbeid med Vital Tour som tilrettela turen for oss. Det er trygt å reise i ei gruppe "heimeifra", det var ein del som vart småsjuke i vår, men helsetenestene var som lova og dagleg leiar ved Nabobeino og den frivillige som var med fekk ordna opp i lag med Vital Tour sine representantar. Svært vellukka tur. Med på turen var og 5 personar frå Ulvik Frivilligsentral. Etter evalueringsmøte har vi no bestemt oss for å reise på tur att 5.april i to veker til Lanzarote. Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på turane.

 

        

2020 © Voss frivilligsentral - Nabobeino