-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Strikkekafe
Velkomen til Strikkekafè kvar fredag!Kvar fredag samlast strikkeglade damer i alle aldrar til ein koseleg og sosial strikkestund. Her går praten livleg medan pinnane går, og gjennom året blir det laga mange flotte strikkeplagg til barn i Romania. Dette er eit fint samarbeidsprosjekt med Misjon utan grenser.
Du er hjarteleg velkomen, anten du er ein erfaren strikkar eller berre har lyst på godt selskap og ein triveleg fredagsstund.
Vi avsluttar sjølvsagt med kaffi og nysteikte vaflar!
PS: Me tek gjerne i mot garn.
STRIKKING
Gjer deg roleg
Kan hindra demens
Styrker sjølvfølelsen
Held hjernen aktiv
Motverkar dårleg humør
Gjer deg glad
Fungerer som meditasjon
KONKLUSJON:
Strikk meir!
Del på:
-
Bingo for alle ein gang i månaden!
Bingo banden kjem til Frivilligsentralen siste onsdagen i månaden fram til jol.
-
Bli med på Frivilligdagen!
5. september arrangerer me Frivilligdagen igjen! Bli med som utstillar, eller publikum.
-
Bli med på morgonbad kvar mandag!
Me startar måndagane med eit friskt bad i Vangsen, før me et frukost og drikk kaffi i lag på Frivilligsentralen.
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden klare til hausten att!