-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Skravlekopptropp
Har du lyst til å bidra til at fleire møtast?Aldersgruppe: For alle
Frivilligsentralen ønskjer å starta ei Skravlekopptropp – eit hyggeleg og sosialt tilbod for deg som har lyst til å bli kjend med nye menneske og gjera kjekke ting saman med andre. ❤️
Me ønskjer å ha nokre faste dagar i veka der me møtest og finn på ulike aktivitetar. Det kan vera å gå ein tur, spela spel, ta ein kaffi, skravla eller gjera andre hyggelege ting saman.
Målet er enkelt: Fleire skal få høve til å møtast, vera sosiale og kjenna på fellesskap. Du treng ikkje kjenna nokon frå før, og det viktigaste er at du har lyst til å bidra til eit inkluderande og hyggeleg miljø.
👉 Har du lyst til å vera med og skapa gode møteplassar for andre?
Då vil me gjerne høyra frå deg!
Ta kontakt med Frivilligsentralen dersom du er interessert i å vera med i Skravlekopptroppen.
E-post: post@voss.frivilligsentral.no eller på tlf 97 17 79 85
Del på:
-
Bingo for alle ein gang i månaden!
Bingo banden kjem til Frivilligsentralen siste onsdagen i månaden fram til jol. Men fyrst startar me på ein tysdag.
-
Bli med på morgonbad kvar mandag!
Me startar måndagane med eit friskt bad i Vangsen, før me et frukost og drikk kaffi i lag på Frivilligsentralen.
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden klare til hausten att!
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.