-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Møteplass for deg som står nær nokon med funksjonsvariasjonar
Voss Frivilligsentral inviterer foreldre, foresatte og andre som står nær barn og unge med funksjonsvariasjonar til eit nytt uformelt treffMålet er å skapa ein trygg møteplass der me kan dela erfaringar, byggja nettverk og saman utforska kva slags støtte og fellesskap som er nyttig i kvardagen.
Det blir servert kaffi/te og noko enkelt å bite i.
Møtet er ope for alle foreldre, føresette og andre nære vaksne. Det er heilt greitt å berre kome og lytte om du ikkje ynskjer å delta aktivt.
Tid: Tirsdag 2.juni kl.19.30
Stad: Voss Frivilligsentral
Varigheit: ca.1,5 time
Med tanke på servering ynskjer me å vite kor mange som kjem. Påmelding innan 1. juni på e-post eller telefon. Send mail froydis@voss.frivilligsentral.no eller mobil; 46544399
Del på:
-
Bli med på Frivilligdagen!
5. september arrangerer me Frivilligdagen igjen! Bli med som utstillar, eller publikum.
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden kjem til sjukeheimane!
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk
Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.