-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Kurs i søknadsskriving
VELKOMEN MÅNDAG 2. MARS PÅ TINGHUSET Alle frivillige lag og organisasjonar er inviterte!Her vert det tips og triks til korleis skriva ein god søknad, og me går gjennom ulike stader ein kan søkja om støtte.
Program for kvelden:
Kl. 19.00–20.00 Kurs i søknadsskriving
Kl. 20.00–20.30 Gjennomgang av BookUp
BookUp er ei digital løysing for booking og utleige av lokaler, idrettsanlegg, møterom, kulturarenaer og andre utleigeobjekt. Brukarane kan enkelt finna ledige tider, sjå prisar, og gjennomføre booking, medan Voss herad får eit system som gir full kontroll på kalendar, tilgjengelegheit, betaling og administrasjon. Voss herad vil utvida talet på objekt i BookUp etterkvart.
Ta gjerne med deg eigen PC.
Meld deg på til post@voss.frivilligsentral.no, eller på friskus.no innan fredag 27. februar
Del på:
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden kjem til sjukeheimane!
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Frivillige til Bingobande
Me treng frivillige til ein Bingobande som spelar bingo på dei ulike sjukeheimane og omsorgsbustadene i heradet. Dette blir superkjekt!
-
Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk
Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.