Frivillige til Bingobande

Me treng frivillige til ein Bingobande som spelar bingo på dei ulike sjukeheimane og omsorgsbustadene i heradet. Dette blir superkjekt!

Bli med på å skapa ein ny aktivitet i lag med bebuarar, pårørande og personalet!

Aktivitet:
Bingobanden er ei reisande aktivitet der frivillige kjem til institusjonane og organiserer bingo for bebuarar, tilsette og pårørande.

Målgruppe:
Bebuarar på langtidsplass og dei som bur i omsorgsbustader.

Kvifor:
Ein ønskjer å skapa ei aktivitet for bebuarar, tilsette og pårørande som er lik for alle institusjonane på Voss.

Kvar:
Voss sjukeheim, Vetleflaten omsorgssenter, Vossestrand omsorgstun og Granvin sjukeheim og omsorgsbustader.

Når:
Ein torsdag i månaden per institusjon mellom kl. 16.30–17.30. Oppstart i januar og fram til juni.

Dette er eit prøveprosjekt som me håpar kan gje meirsmak.

Me håpar du har lyst til å ta del i dette kjekke konseptet.

Gje meg ein lyd om du er interessert i å høyre meir.

Tlf: 97 17 79 85
E-post: post@voss.frivilligsentral.no

2026 © Voss frivilligsentral