-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2025
Sjå kalendaren med mange aktivitetar i Voss herad. For dei som gjerne har fri dagtid og for dei som er i pensjonsalder.
Frivilligbørs kjem tilbake!
28 januar arrangerar me suksessen igjen. Meld dykk på !Frivilligbørs er eit internasjonalt konsept som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtest lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansikt til ansikt og utvekslar ønskje og idéar til samarbeid.
På frivilligbørs kan du knyte nye kontaktar og finna ressursar du treng til aktivitetar eller prosjekt. Du kan synleggjere kva du jobbar med i lokalsamfunnet, møta engasjerte menneske og få nye perspektiv. Arrangementet gjev deg óg ein unik moglegheit til å byggja samarbeid på tvers av sektorar.
Onsdag 28. januar vert det Frivilligbørs i Kulturhuset igjen!
Frå kl. 18.00 til 20.00 er frivillige, det offentlege og verksemder hjarteleg velkomne til å møtast, prata saman og inngå avtalar om ulike tenester ein meiner ein kan ha gjensidig utbytte av.
Arrangementet er gratis, men me ynskjer påmelding. Du kan melde på inntil 3 stk pr. organisasjon
Program:
18.00 Plakatverkstad
18.30 Opning av Frivilligbørs Voss
20.00 Slutt
Ein kan melde på opptil tre personar pr. organisasjon. Meld dykk på her: Frivilligbørs - 28.01.2026 | Voss Næringsråd | Kjøp billetter | Hoopla
Velkomen til ein kveld full av gode idéar!
Kvifor Frivilligbørs?
Fordelar for frivilligheit:
Vis kva de brenn for i lokalsamfunnet.
Finn ressursar de treng for å gjennomføra aktivitet, utan å gå vegen om å søkja tilskot.
La andre få sjå ressursane de har, og finn nye samarbeidspartnarar.
Bli sett og nå nye potensielle deltakarar, medlemmar, frivillige eller publikum.
Bygg nyttige nettverk og lær noko nytt.
Møt spanande menneske og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.
Fordelar for verksemder:
Bli med på eit internasjonalt fenomen.
Gjer verksemda di meir synleg.
Vis verdiane dykkar i praksis og at de er med på å byggja lokalsamfunnet.
Møt spanande menneske med andre perspektiv og bli kjent med kommunen på ein ny måte.
Bygg nettverk og skap nye relasjonar for utvikling og læring.
Bruk samfunnsnyttig innsats til personalutvikling og teambygging.
Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.
Fordelar for det offentlege:
Ver synleg og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.
Finn ressursar som kan gjera verksemda di sine aktivitetar endå betre.
Møt spanande menneske og bygg nettverk med engasjerte organisasjonar og verksemder.
Bidra til meir og betre samspel på tvers.
La nye samarbeid bidra til utvikling og læring i eiga verksemd.
Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.
I januar 2025 arrangerte me Frivilligbørs i Kulturhuset for første gong. Me var over 40 ulike lag og organisasjonar, institusjonar og verksemder som møttest og inngjekk avtalar om samarbeid.
Sjå her kva slags avtalar som ble gjort her!

Del på:
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Frivilligbørs 2025 - Sjå kva avtalar som har blitt gjort
Me arrangerte Frivilligbørs for første gong på Voss til stor suksess!
-
Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk
Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.
-
MC - Ravnene Voss
Natteramnar på motorsykkel!