-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2026
NY kalender ute! Sjå aktivitetane for 2026.
Frivilligbørs 2025 - Sjå kva avtalar som har blitt gjort
Me arrangerte Frivilligbørs for første gong på Voss til stor suksess!Frivilligbørs er eit internasjonalt konsept, som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtest lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansiktet til ansikt og utvekslar ynskje og idéar til samarbeid.
Frivilligbørs vart arrangert på Kulturhuset onsdag 29. januar, og det vart ein stor suksess. Over 30 ulike lag og instansar var samla til mingling og tenesteutveksling. Me hadde håpa på 20 avtalar, men det vart 52 avtalar i boks denne kvelden.
Tilbakemeldingane er enorme, og me vil arrangere dette igjen i februar 2026.
Sjå her kva intensjonsavtalar som har blitt gjort, og kva deltakarane har behov for, og kan tilby av teneste.
Del på:
-
Den reisande Bingobanden
Bingobanden kjem til sjukeheimane!
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Frivilligbørs kjem tilbake!
28 januar arrangerar me suksessen igjen. Meld dykk på !
-
Frivillige til Bingobande
Me treng frivillige til ein Bingobande som spelar bingo på dei ulike sjukeheimane og omsorgsbustadene i heradet. Dette blir superkjekt!