-
Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne i 2025
Sjå kalendaren med mange aktivitetar i Voss herad. For dei som gjerne har fri dagtid og for dei som er i pensjonsalder.
Middag og Song
Me serverar middag frå Kveik annankvar måndag. Me et og syng i lag. Bli med!Kom på Frivilligsentralen og få deg ein god middag til ein grei penge.
Me serverar middag frå Kveik med kaffi og dessert på utvalde måndagar:
Måndag 1.09 Raspekaker m/ lammebog, kålrabistappe, vossakorv, baconfett
Måndag 15.09 Fiskegrateng
Måndag 6.10 Fleskepannekaker m/kokt potet, gulrot, baconfett
Måndag 20.10 Fiskerullade m/smørsaus, stekt potet, grønnsaker
Måndag 3.11 Hakkasteik m/kålrot og kokt potet
Måndag 17.11 Kjøttkaker m/kålstuing, brun saus, tyttebær og kokt potet
Måndag 8.12 Joletallerken (svineribbe, medisterkake, potet, surkål, kålrabistappe)
Påmelding torsdagen før.
Når: Kl. 13.00
Kor: Frivilligsentralen
Pris: kr 230,-
Jolemiddag kr 260,-
Påmelding: post@voss.frivilligsentral.no / 97 17 79 85, innan torsdagen før
*Minimum 5 stykk for gjennomføring
Del på:
-
Ein-til-ein
Ein-til-ein hjelp - fylgetenester og litt hjelp til forefallande arbeid. Heimesjukepleien brukar oss ein del til fylgje til lege, tannlege, frisør osv.
-
Frivilligbørs 2025 - Sjå kva avtalar som har blitt gjort
Me arrangerte Frivilligbørs for første gong på Voss til stor suksess!
-
Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk
Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.
-
MC - Ravnene Voss
Natteramnar på motorsykkel!