Ny prosjektleiar

Møt vår nye prosjektleiar som skal arbeide med fritidsaktivitetar for alle born og unge!

Prosjektbeskriving: Fritidsaktivitetar for alle barn og unge

Voss frivilligsentral har etablert ei 20 prosent prosjektstilling for å styrkje tilbodet av fritidsaktivitetar for barn og unge med funksjonsvariasjonar. Målet er å skapa betre samanheng mellom offentlege tenester, frivillig sektor og familiar, slik at fleire får moglegheit til ei aktiv og meiningsfull fritid.

Prosjektleiar Frøydis Ormåsen Heradstveit har lang erfaring frå tilbodet SuperUt i Voss Utferdslag, som arrangerer uteaktivitetar for personar med funksjonsvariasjonar i alle aldrar. I prosjektet skal ho kartleggje behov, barrierar og ønskje i målgruppa. 

Bakgrunnen for prosjektet er eit tydeleg behov: Tilboda som finst i dag rettar seg i hovudsak mot eldre ungdom og unge vaksne som allereie er inne i det kommunale systemet. Dei yngre barna – som ofte fell utanfor – manglar eit tilpassa fritidstilbod. Prosjektet skal difor byggje stein på stein for å utvikle aktivitetar som inkluderer fleire, og som gjev rom for både deltaking, meistring og fellesskap.

På kort sikt handlar arbeidet om å få oversikt og skape møteplassar. På lengre sikt er ambisjonen å utvikle eit breitt spekter av aktivitetar innan både idrett og kultur, og å etablere samlingspunkt der familiar kan delta saman – med eller utan barn.

Ynskjer du å ta kontakt med Frøydis, send ho ein mail eller ring. 

E-post: froydis@voss.frivilligsentral.no 
Tlf: 465 44 399



2026 © Voss frivilligsentral