-
Årsmelding 2024
Gjennom året har sentralen opplevd stor oppslutning og mange gode tilbakemeldingar på aktivitetane våre. Suksesskriteria har vore samarbeid, inkludering og tilrettelegging for deltaking. Les meir om året vårt i Årsmeldinga!
Frivilligbørs kjem tilbake!
28 januar arrangerar me suksessen igjen!Frivilligbørs er eit internasjonalt konsept som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtest lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansikt til ansikt og utvekslar ønskje og idéar til samarbeid.
I januar 2025 arrangerte me Frivilligbørs i Kulturhuset for første gong. Me var over 40 ulike lag og organisasjonar, institusjonar og verksemder som møttest og inngjekk avtalar om samarbeid.
Onsdag 28. januar vert det Frivilligbørs i Kulturhuset igjen!
Frå kl. 18.00 til 20.00 er frivillige, det offentlege og verksemder hjarteleg velkomne til å møtast, prata saman og inngå avtalar om ulike tenester ein meiner ein kan ha gjensidig utbytte av.
Påmelding kjem snart, velkomen!
Kvifor Frivilligbørs?
Fordelar for frivilligheit:
Vis kva de brenn for i lokalsamfunnet.
Finn ressursar de treng for å gjennomføra aktivitet, utan å gå vegen om å søkja tilskot.
La andre få sjå ressursane de har, og finn nye samarbeidspartnarar.
Bli sett og nå nye potensielle deltakarar, medlemmar, frivillige eller publikum.
Bygg nyttige nettverk og lær noko nytt.
Møt spanande menneske og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.
Fordelar for verksemder:
Bli med på eit internasjonalt fenomen.
Gjer verksemda di meir synleg.
Vis verdiane dykkar i praksis og at de er med på å byggja lokalsamfunnet.
Møt spanande menneske med andre perspektiv og bli kjent med kommunen på ein ny måte.
Bygg nettverk og skap nye relasjonar for utvikling og læring.
Bruk samfunnsnyttig innsats til personalutvikling og teambygging.
Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.
Fordelar for det offentlege:
Ver synleg og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.
Finn ressursar som kan gjera verksemda di sine aktivitetar endå betre.
Møt spanande menneske og bygg nettverk med engasjerte organisasjonar og verksemder.
Bidra til meir og betre samspel på tvers.
La nye samarbeid bidra til utvikling og læring i eiga verksemd.
Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.

Del på:
-
Strikkekafe med mening
Det bugner over av strikkete plagg på Voss Frivilligsentral som har den gleden av å ha frivillige som arrangerer Strikkekafe hver fredag høst, vinter og vår. Her møtes strikkeglade damer som strikker, skravler, spiser vafler og drikker kaffe. Men alt er ikke bare for den kreative og sosiale biten, det er også en mening bak.
-
Frivillig på Voss?
Har du litt tid til overs? Kom og ver saman med oss!
-
Tusen takk El - kjøp Voss
Overleverte Voss Frivilligsentral ei gåve til aktivitetar.
-
Voss Taxi SA gjer Voss Frivilligsentral ei førjolsgåve på kr. 15.000,-
Voss Frivilligsentral ynskjer å takka lokal verksemd for pengegåve på kr. 15.000,- Me deler den rørande e-posten me fekk av Voss Taxi SA og Norges Taxiforbund avd Vestland.