-
Formiddagskafé: Bli kjend med kurset «Sunn aldring»
Bli ein betre søknadsskrivar!
Onsdag 24. januar kl. 18.00 – 20.00 inviterer Voss Frivilligsentral og Voss herad frivillige lag og organisasjonar til kurs om korleis skriva gode søknadar og korleis finna gode tilskot å søkja på.Tema på kurset:
• ulike typar ordningar ein kan søkja på, og kva forskjellen på desse er
• kva er viktig når ein skriv søknadar og fallgruver ein bør unngå
• opplæring i Tilskuddsportalen, eit verktøy for å finna tilskot og støtte til gode prosjekt
Kurshaldar er representant frå Kirkens Bymisjon som har lang erfaring med søknadsskriving og å halda kurs.
Tid og stad: Onsdag 24. januar kl. 18.00 – 20.00 på Tinghuset, nytt inngang mot aust.
Påmelding til Pernille på post@voss.frivilligsentral.no innan måndag 22. januar.
Kurset er gratis og ope for alle frivillige lag og organisasjonar
VELKOMEN!
Del på:
-
Føredrag - Frode Thuen: To liv på ein gong – om krysspresset mellom arbeid og heim
-
Opning av nytt lokale til Frivilligsentralen
Velkomen til opningsfest på Kulturhuset!
-
Ny prosjektleiar
Møt vår nye prosjektleiar som skal arbeide med fritidsaktivitetar for alle born og unge!
-
Årsmelding 2024
Gjennom året har sentralen opplevd stor oppslutning og mange gode tilbakemeldingar på aktivitetane våre. Suksesskriteria har vore samarbeid, inkludering og tilrettelegging for deltaking. Les meir om året vårt i Årsmeldinga!