-
Besøk til Hangurstoppen restaurant med historieforteljing
Natteravnstafett på Voss
Natteravnsesongen startar fredag 31.03.2023 og i den forbindelse ynskjer me å klinka til med ein natteravnstafett.No i vinter arrangerte Natteravnene Stavanger ein natteravnstafett. Kjende fjes blei utfordra til å gå natteramn. Standup-komiker Rune Bjerga og Viking - kapteinen Zlatko var to av mange som blei utfordra til å ta imot stafettpinnen. Ein slik stafett ynskjer me å få til på Voss. Kvar laurdag frå 31.03.2023 - 01.07.2023. Vonar naboen, politikaren, investoren, idrettsutøvaren, filandtroppar, mannen eller kvinna i gata brettar opp skjorteermane og gjer seg klar for å ta i mot stafettpinnen. Dei som blir utfordra til å gå stafett på Voss blir med dei faste natteramnane gjennom heile kvelden. Det er ingen krav til å bli natteramn men ein fin moglegheit for dykk å bli kjend med bygda dykkar, med ungdomsmiljø nattetid og korleis natteramnane gjer bygda tryggare for ungdom og unge vaksne.
Stafetten i Stavanger:
https://www.facebook.com/watch?v=1086032298747128
https://www.facebook.com/watch?v=730001258701465
https://www.facebook.com/KirkensBymisjonStavanger/videos/505075018492244
Me treng nye faste natteramnar og mc-ramnar til vårsesong 2023. Me klarer ikkje å dekka vaktlistene denne sesongen. Har 25 ledige vakter. Ta kontakt med Natteravnene Voss, Kristin Kvåle Kjeilen på tlf 916 71 027 eller e-post post@voss.frivilligsentral.no om du ynskjer å bidra på denne viktige dugnaden gåande eller på to hjul (event atv/utv).
Lik gjerne den offentlege facebooksida: https://www.facebook.com/natteravnenevoss/
Del på:
-
Besøk til Voss Folkemuseum
-
Felles besøk til Vetlebotn i Myrkdalen
-
Lågterskel flyging hjå Voss Vind
-
Tur til Haugensenteret i Ulvik