Mandag 8 April
Kl. 18:00 - 19:30, Vangen Café
Informasjonsmøte - Nokon treng deg
Me er mange som treng eit medmenneske og det er mange måtar å bidra på. Denne mandagen ynskjer Røde Kors Voss og Frivilligsentralen å informera om ulike aktivitetar ein kan bidra på som frivillig.

Å vere frivillig er ofte ein gåve til seg sjølv og ikkje berre til dei som treng.

Kanskje du allereie er frivillig, eller treng eit lite push for å bli ein? Her er ein møteplass for deg som ynskjer å bidra.

Det vert servert kaffi og deilig kaka, samt det blir noko underhaldning attpå.

Velkomen!

2024 © Voss frivilligsentral