Voss har eit stort, aktivt og levande frivillig lagsliv. Voss herad ynskjer å ta ei aktiv rolle i arbeidet med å leggja best mogeleg til rette for frivillig aktivitet
og har starta arbeidet med å utarbeida kommunal frivilligpolitikk. Alle lag og organisasjonar vert invitert til å komma med i dette arbeidet.
Onsdag 1.juni kl. 18.00-20.00 i Tinghuskantina inviterer Voss herad frivillige lag og organisasjonar til dialogmøte der alle kan koma med innspel som skildrar utfordringar,
ressursar og kommunen si framtidige rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita.
VELKOMEN!
Påmelding innan 30.mai til kristina.finne@voss.herad.no