Det handlar om å bry seg!

Natteramnene er ganske alminnelege vaksne, med mot til å vera vaksne og som har sosialt overskot til å gjere ein frivillig innsats for den lokale tryggleiken – i samarbeid med det lokale hjelpeapparatet, og til glede for alle.
Hovedmålet vårt er at Natteravnene skaper trygghet for barn og unge gjennom synlig tilstedeværelse i lokalmiljøet. Gjennom omsorg, dialog og tilstedeværelse bidrar Natteravnene til tryggere møteplasser og forebygging av uønskede hendelser.
Vossa skulane, Tryg, Inside Voss, Voss vekter og sikringtenete, Røde Kors og Voss Taxi. Me har møte med samarbeidspartnarane våre 1-2 gonger i året. Politiet/utekontakten inviterer og til møte med alle som skal ut å gå natt til 1.mai og natt til 17.mai
Me er ca.100 natteramnar som går ute natt til laurdag og søndag frå midten av april til slutten av juni. Haustsesong startar i midten av august til siste helga i oktober. Natteramnane startar ca kl. 22.30 og går til ca. 03.00 eller til det blir stilt i gatene.
Natteramnene møter i Voss frivilligsentral der ein hentar jakker og sekk med naudsynt utstyr.
Natteramnene skal ikkje leggje dempar på ungdomen, men me skal vera eit førebilete med å vera synlege og ansvarlege og me skapar trivsel og tryggheit blant ungdomen.
Natteramnene er blitt kalla Noregs viktigaste vaksenopplæringsprosjekt. Som Natteramn får du saman med andre foreldre/besteforeldre oppleva korleis dei unge sitt miljø er utanfor heimen.
Natteramnene skal ikkje løyse sosiale problem, gå inn i konfliktar, men vera synlege og tydelege vaksne som gjev tryggleik og forståing mellom born og vaksne.
Det er bevist at natteramn ved å vera til stades reduserer vold og hærverk, me er ynskja av ungdomen og me bidreg til større tryggleik.
MC – RAMN er eit spanade tilskot til dei gåande natteramnane. Det finst MC-Ramn grupper fleire stader i Noreg. Spanande at me også har fått til å etablera MC-ramnar på Voss. Me har 21 MC-ramnar på Voss, men treng mange fleire. MC-ramnane er blitt populære og oppnår lett kontakt med ungdomane. Me ynskjer å dekkja større delar av Vossa- områda der ungdom samlar seg. Det blir mykje lettare å få til no når me har ramnar på to hjul i tillegg til vandrande natteramnar. Vonar alle som ynskjer og væra med i arbeidet for å trygga ungdomen vår på Voss melder seg som MC-ramn eller natteramn.
Ta kontakt og bli med på laget. Dette er både sosialt og meiningsfullt!
Voss Frivilligsentral , Tlf: 916 71 027, E-post: post@voss.frivilligsentral.no
E-post: post@voss.frivilligsentralen.no / 97 17 79 85