Les i lag - Voss Bibliotek;)
Voss frivilligsentral - Nabobeino og Voss Bibliotek samarbeidar om ei lesargruppe. Tirsdag 17.03.20 er fyrste gong me skal ha ei slik gruppe. Møt opp på Voss bibliotek kl.11 eller ta kontakt med Voss frivilligsentral - Nabobeino om du vil sitta på med nokon i bil.
Har du lyst til å kopla ut stress og mas og gå inn i den litterære verda? Biblioteket startar opp med lesegrupper som passar for alle. Opplegget byggjer på Shared Reading, dvs delt leseglede gjennom å lesa ein litterær tekst i fellesskap.
Me treng ikkje kunnskap om forfattar eller skrivetekniske sider, her er det berre opplevinga av teksten som gjeld.
Passar for alle som kan tenkja seg høgtlesing og prat. Dette er heilt uforpliktande. Tekstane vert delt ut ved oppstart, og leseleiaren les høgt. Leseopplevinga vert ofte betre når ein snakkar høgt om teksten. Kom som du er, prat om du vil, og ha ei fin stund! Med på kjøpet får du truleg meir medkjensle med deg sjølv og andre!
Servering av kaffi og te.
Mvh
Kristin Kvåle Kjeilen og Kjellfrid Skutlaberg, Voss frivilligsentral - Nabobeino og Inger Karin Dyrnesli, bibiloteksjef.