Velkomen til jolemiddag på Frivilligsentralen
Torsdag 10. desember inviterer me til ei hyggeleg stund på Kulturhuset!
For dei som ønskjer det, kan dagen starte med jolekonsert med musikarane Irene Tillung og Kari Finne Sognnæs. Det vert ein stemningsfull konsert med kjende jolesongar og lokal folkemusikk, som begge musikarane har bakgrunn frå.
Konserten vert halden i biblioteket, er gratis og startar kl. 12.00.
Kl. 13.00 serverer Frivilligsentralen jolemiddag med joleribbe og medisterkaker, med riskrem til dessert. Her vert det god mat, jolesong og hyggeleg samvær!
Middagen kostar kr 250,- og det er påmelding.
Påmelding til jolemiddagen skjer til post@voss.frivilligsentral.no eller på telefon 97 17 79 85 innan måndag 7. desember.
Har du meir energi att etter middagen, kan du òg få med deg Jul i Kulturhuset kl. 18.00 på kvelden. Her samlast små og store utøvarar, som til vanleg fyller Kulturhuset med musikk, dans og aktivitet, på scena for å skape ei stemningsfull juleframsyning.
Les meir om aktiviteten her: JUL I KULTURHUSET- eit musikalsk julekort til bygda | Voss kulturhus
Få jolestemning i lag med oss – me ønskjer deg hjarteleg velkomen!