Tirsdag 20 Oktober
Kl. 18:30 - 20:30, Voss Frivilligsentral
Føredrag - Frode Thuen: To liv på ein gong – om krysspresset mellom arbeid og heim
I forbindelse med Psykt bra oktober arrangerer me gratis føredrag med Frode Thuen psykolog, professor og forfattar i Kultursalen!

Korleis finn me balansen når krava på jobb og livet heime dreg i kvar si retning?

Mange kjenner på presset når alt skal rekkast over. Over tid kan det føra til stress, slitasje og påverka både trivsel og helse.

På dette føredraget får du innsikt, refleksjonar og kanskje nokre nye perspektiv på korleis me kan skapa ein betre balanse mellom jobb og livet elles.

Etter føredraget vert det samtale mellom Frode Thuen og psykologspesialist Linda Hjeltnes. Det blir høve til å stilla spørsmål, dela eigne refleksjonar og delta i ein open og relevant samtale.

Tenester som jobbar med psykisk helse i heradet vil vera tilstades for ein prat.

Ingen påmelding, møt opp!

2026 © Voss frivilligsentral