Tirsdag 27 Oktober
Kl. 10:30 - 11:30, Voss Frivilligsentralen
Formiddagskafé: Bli kjend med kurset «Sunn aldring»
Kom på formiddagskafé og få informasjon om kurset Sunn aldring – eit kurs for deg som ønskjer å ta vare på eiga helse, trivsel og energi i pensjonistlivet.

Formiddagskafé: Bli kjend med kurset «Sunn aldring»

På kaféen får du høyre meir om korleis kurset kan gi deg:

  • Kunnskap om gode levevanar og kva som fremjar god helse
  • Tips om kosthald, fysisk aktivitet og søvn
  • Inspirasjon til meir aktivitet, sosial deltaking og kvardagsglede
  • Enkle verktøy for små endringar som kan gi betre livskvalitet

Kurset går over fem samlingar, med tema som kvardagsglede, fysisk aktivitet, kosthald, søvn og vegen vidare.

På formiddagskaféen får du vite meir om innhald, opplegg og kva du kan få ut av å delta, og du får høve til å stille spørsmål.

For deg mellom 65 og 79 år. 

Heilt gratis. 

2026 © Voss frivilligsentral