Tirsdag 1 Mai 2029
Kl. 11:30 - 13:30, Voss Frivilligsentralen
Friminuttet
Friminutt er et nytt lavterskeltilbud i regi av Frivilligsentralen, med mål om å etablere en inkluderende møteplass på dagtid.

Friminuttet er eit nytt og inkluderande tilbod for deg som ønskjer aktivitet, sosialt fellesskap og ei hyggeleg stund saman med andre.

Her legg me til rette for ulike lågterskelaktivitetar med fokus på rørsleglede, trivsel, meistring og gode møte mellom menneske.

Aktivitetane vil variere ut frå deltakarane sine ønskje og behov, og kan til dømes vere:

  • Enkle fysiske aktivitetar
  • Spel og sosiale aktivitetar
  • Kreative aktivitetar
  • Turar i nærområdet
  • Andre trivelege tiltak

Kom som du er, og bli med på eit kjekt fellesskap! Alle aldre er velomen!

Tid: Tysdagar
Klokka: 11.30 - 13.30

Gratis å vere med på, ta deg ein kaffi og lag deg ein vaffel.

Litt om konseptet vårt

Tilbodet skal vere ope for alle som kan delta sjølvstendig, og skal gi menneske høve til å ta ein pause frå krava i kvardagen, møte andre og delta i meiningsfulle og enkle aktivitetar.

Mange kan oppleve kvardagen som travel, einsam eller lite sosial. Gjennom Friminutt ønskjer vi å skape ein arena der det er enkelt å delta, uavhengig av alder, livssituasjon eller tidlegare erfaring med organiserte aktivitetar. Det skal vere låg terskel for å kome åleine, og deltakarane skal sjølve kunne velje om dei ønskjer å vere aktive, vere sosiale eller berre nytte møteplassen som eit hyggeleg avbrekk i kvardagen.

Det vil bli lagt til rette for ulike lågterskelaktivitetar, med fokus på rørsle, sosialt fellesskap, trivsel og meistring. Aktivitetane vil kunne variere ut frå ønskja og behova til deltakarane, og kan til dømes vere enkle fysiske aktivitetar, spel, kreative aktivitetar, turar eller andre sosiale tiltak.

Eit viktig mål med prosjektet er å førebyggje einsemd og passivitet, fremje sosial deltaking og bidra til auka livskvalitet. Friminutt skal vere ein trygg og uformell møteplass der menneske kan bli kjende med andre, oppleve tilhøyrsle og få eit positivt avbrekk frå kvardagen.

Prosjektet byggjer på Frivilligsentralen sitt mål om å skape aktivitet, fellesskap og deltaking i lokalsamfunnet. Gjennom Friminutt ønskjer vi å utvikle eit tilbod som kan bidra til at fleire opplever at dei har ein plass i fellesskapet.

Visjonen for Friminutt er enkel:

Ei pause frå kvardagen – eit fellesskap å kome til.

2026 © Voss frivilligsentral