Dette skal vera ein stad der me kan møtast akkurat som vi er – utan krav eller forventningar. Ein stad der me kan dela erfaringar, tankar og utfordringar, men også dei små kvardagsgledene. Her kan me bli kjende med andre som forstår litt av det me står i, og kjenna på at me ikkje står åleine.
På møteplassen kan du:
- treffa andre i liknande situasjonar
- dela erfaringar, tankar og kvardagsgleder
- få inspirasjon, støtte og nye perspektiv
- berre ta ein kaffi og ha ein god prat
- eller sitja stille og lytta – alt er heilt greitt
Me serverer kaffi, te og noko enkelt å bite i, og håpar mange har lyst til å ta turen.
På sikt ynskjer me at dette skal bli ein månadleg møteplass, der me saman kan finna ut kva me har lyst til å bruka samlingane til. Kanskje ynskjer me temakveldar eller foredrag, kanskje samtalar om ulike tema – eller kanskje treng me rett og slett ein stad å møtast, drikka kaffi og prata med nokon som forstår.
Det viktigaste er at dette skal vera uformelt, trygt og fint. Du treng ikkje førebu noko, og det er heilt lov å berre koma som du er.
Møteplassen er open for alle foresatte og andre nære vaksne.
Håpar vi ser deg torsdag 10. september!
Kom gjerne innom – du er varmt velkomen.