Torsdag 30 Juli
Kl. 14:00 - 15:30, Voss
Historisk vandring på Vangen
Bli med på ei vandring på Vangen, saman med Eirik Helleve.

Han fortel mellom anna om korleis Vangen voks fram som ein liten tettstad, og om utvalde personar og viktige hendingar som har sett sitt preg på bygda.

Turen går i svært roleg tempo og passar for alle.

Helleve er styrar ved Voss Folkemuseum og var i 2021 redaktør for boka Vandringar på Vangen..

Velkomen til ei interessant og sosial vandring i lokalhistoria!

Dato: 30. juli
Klokkeslett: 14.00 - 15.30
Oppmøtestad: Jernbanestasjonen, oppe ved gondolbygget
Ingen påmelding

2026 © Voss frivilligsentral