Fysioterapitenesta i Voss herad, ved fysioterapeutane Ida og Ane, inviterer til Sterk og stødig- samling torsdag 25. juni kl. 16.00-17:30.
Sterk og stødig er grupper med balanse- og styrketrening tilpassa seniorar som opplever endringar i rørslefunksjon, eller kjenner seg ustø i enkelte situasjonar.
Samlinga er for deg som er nysgjerrig eller interessert i å vere frivillig og leie treningsgrupper for seniorar. Du treng ingen forkunnskapar, og det er heilt uforpliktande å delta på samlinga. Som frivillig får du tilbod om eit gratis, lokalt tredagarskurs med god opplæring, som startar opp i august 2026.
Du får høve til å delta på ein gruppetime leia av fysioterapeutar, få meir informasjon og stille spørsmål.
Praktisk informasjon
Tid: Torsdag 25. juni kl. 16.00-17.30
Oppmøte: Hagahaugen, resepsjon/hovudinngang
Påmelding: Det er opa deltaking, og du treng ikkje melde deg på.
De er hjarteleg velkomne – vi håpar å sjå deg!
Kontakt ved spørsmål:
Ane: 918 74 247
Ida: 952 62 020