Onsdag 28 Januar 2026
Kl. 18:00 - 20:00, Voss Kulturhus
Frivilligbørs
28 januar arrangerar me suksessen igjen!

Frivilligbørs er eit internasjonalt konsept som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtest lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansikt til ansikt og utvekslar ønskje og idéar til samarbeid. 

I januar 2025 arrangerte me Frivilligbørs i Kulturhuset for første gong. Me var over 40 ulike lag og organisasjonar, institusjonar og verksemder som møttest og inngjekk avtalar om samarbeid. 

Onsdag 28. januar vert det Frivilligbørs i Kulturhuset igjen!
Frå kl. 18.00 til 20.00 er frivillige, det offentlege og verksemder hjarteleg velkomne til å møtast, prata saman og inngå avtalar om ulike tenester ein meiner ein kan ha gjensidig utbytte av.

Påmelding kjem snart, velkomen!


Kvifor Frivilligbørs?

Fordelar for frivilligheit:

  • Vis kva de brenn for i lokalsamfunnet.

  • Finn ressursar de treng for å gjennomføra aktivitet, utan å gå vegen om å søkja tilskot.

  • La andre få sjå ressursane de har, og finn nye samarbeidspartnarar.

  • Bli sett og nå nye potensielle deltakarar, medlemmar, frivillige eller publikum.

  • Bygg nyttige nettverk og lær noko nytt.

  • Møt spanande menneske og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.

Fordelar for verksemder:

  • Bli med på eit internasjonalt fenomen.

  • Gjer verksemda di meir synleg.

  • Vis verdiane dykkar i praksis og at de er med på å byggja lokalsamfunnet.

  • Møt spanande menneske med andre perspektiv og bli kjent med kommunen på ein ny måte.

  • Bygg nettverk og skap nye relasjonar for utvikling og læring.

  • Bruk samfunnsnyttig innsats til personalutvikling og teambygging.

  • Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.

Fordelar for det offentlege:

  • Ver synleg og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.

  • Finn ressursar som kan gjera verksemda di sine aktivitetar endå betre.

  • Møt spanande menneske og bygg nettverk med engasjerte organisasjonar og verksemder.

  • Bidra til meir og betre samspel på tvers.

  • La nye samarbeid bidra til utvikling og læring i eiga verksemd.

  • Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.





2025 © Voss frivilligsentral