Mandag 21 Oktober 2019
Kl. 12:10 - 13:30, Voss gymnas
Kristin: Informasjonssamtaler med Voss Gymnas
Natteramnarbeid

Det handlar om å bry seg!


Natteramnene er ganske alminnelege vaksne, med mot til å vera vaksne og som har sosialt overskot til å gjere ein frivillig innsats for den lokale tryggleiken – i samarbeid med det lokale hjelpeapparatet, og til glede for alle.

Hovedmål:  Å auke den lokale tryggleiken og indirekte forebygge vald og hærverk ved å vandre gatelangs der born og unge ferdast på sein nattetid.

Her på Voss samarbeider me med: Politiet, Gryto, Utekontakt, SLT-koordinator
 Vossa skulane, Tryg, Inside Voss, Voss vekter og sikringtenete, Røde Kors og Voss Taxi. Me har møte med samarbeidspartnarane våre 1-2 gonger i året. Politiet/utekontakten inviterer og til møte med alle som skal ut å gå natt til 1.mai og natt til 17.mai 

Me er ca.70 natteramnar som går ute natt til laurdag og søndag frå midten av april til slutten av juni. Haustsesong startar i midten av august til siste helga i oktober. Natteramnane startar ca kl. 22.30  og går til ca. 03.00 eller til det blir stilt i gatene.
Natteramnene møter i Voss frivilligsentral der ein hentar jakker og sekk med naudsynt utstyr.

Natteramnene skal ikkje leggje dempar på ungdomen, men me skal vera eit førebilete med å vera synlege og ansvarlege og me skapar trivsel og tryggheit blant ungdomen.

Natteramnene er blitt kalla Noregs viktigaste vaksenopplæringsprosjekt.  Som Natteramn får du saman med andre foreldre/besteforeldre oppleva korleis dei unge sitt miljø er utanfor heimen.

Natteramnene skal ikkje løyse sosiale problem, gå inn i konfliktar, men vera synlege og tydelege vaksne som gjev tryggleik og forståing mellom born og vaksne.

Det er bevist at natteramn ved å vera til stades reduserer vold og hærverk, me er ynskja av ungdomen og me bidreg til større tryggleik.


 

 

 

 

 

 

 

2024 © Voss frivilligsentral