Norske Kulturarrangørar held kurs i Tilgjengelegheitsmerket, som er ei sertifisering for kunst- og kulturaktørar som har god tilgjengelegheit for menneske med nedsett funksjonsevne på arrangementa sine.
No vil me arrangere dette kurset på Voss Kulturhus laurdag 8. februar kl. 14.00–18.00, heilt gratis! For å bli sertifisert må ein ha dette kurset. Sjela sertifiseringa kostar kr 2500,- som ein sjølv vel om ein vil gjennomføre i etterkant.
Med dette håper vi at organisasjonane kan få endå fleire deltakarar, endå meir publikum og endå fleire frivillige. Kurset er tilpassa for oss her på Voss, og vi inviterer alle som har ulike aktivitetar og arrangement til å bli med. Her er alle velkomne, så sprei ordet! Meld gjerne på fleire frå organisasjonen din, og me håper at de blir med på pizza og pils på Fleischer’s etter kurset.
Meir informasjon får du her: Tilgjengelegheitsmerket - Norske Kulturarrangørar
Meld dekan her: https://forms.gle/poktyerRQ3ydrTmh9
Frist 1. februar.
Velkomen!