Torsdag 10. oktober markerer me verdsdagen for psykisk helse.
Kl. 11.00 vert det felles gåtur med Voss Utferdslag frå Torget og gjennom Prestegardsmoen til Amfi. Turen vert i roleg tempo og høver for alle.
Tilgang på nærnatur er viktig for både den fysiske og psykiske helsa vår. Her har me perla Prestegardsmoen, eit vakkert og nydeleg område midt i smørauga på Voss. Voss Utferdslag ynskjer å fremja dette flotte nærnaturområdet me har, og vonar mange vert med på vandringa.
Kl. 12.00 - 15.00: Møteplass på Amfi med ulike instansar og organisasjonar på Voss. Saman med Voss Frivilligsentral, Kirkens Bymisjon, Røde Kors, Mental Helse og Voss Hagelag samlast me på Amfi.
Gratis kaffi og vaffel: Alle er velkomne!
Tema for 2024:
Me treng å snakka meir saman
#gje8minutt
Årets kampanje oppfordrer til å setja av 8 minutt til å ringja nokon du bryr deg om - kvar dag. Forskning viser at det gjer meir for helsa enn me trur.