Eiel Holten frå Kirkens Bymisjon er ein racer på å skriva søknader og held mange kurs på korleis best mogleg skriva ein søknad om støtte. Her blir det mange godt tips og triks å ta med seg vidare.
Voss Herad vil også fortelja om Tilskuddsportalen som er ein søksmotor der lag og organisasjonar kan finna instaser som støttar ulike prosjekt.
Til slutt tek me ein gjennomgang av Friskus - digital aktivitetskalender for frivillige lag og organisasjonar.
Ta med deg PC så kan me hjelpa til på staden.
Måndag 30. september på Tinghuset
Kl. 18.00 - 19.00 Kurs i søknadsskriving for frivillige lag og organisasjonar
Kl. 19.00 - 19.30 Introduksjon til Tilskuddsportalen
Kl. 19.30 - 20.00 Opplæring i Friskus (ta gjerne med eigen PC)
Du kan vere med heile kvelden, eller på delar av programmet. Meld deg på til post@voss.frivilligsentral.no
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Pernille i Voss Frivilligsentral: tlf 97 17 79 85