Årsmeldingar

Her finner du våre årsmeldingar

Årsmelding 2015

NABOBEINO årsmelding.docx (1)

2015 har vore eit utfordrande år for Voss Frivilligsentral – Nabobeino. Dagleg leiar har vore langtidssjukmeld, 100 % frå februar til midten av september, og delvis sjukmeld etter dette tidspunkt.  Dette har gjort at styret har hatt ein utfordrande jobb med å halde hjula i gang, Styreleiar Oddvar Lillevik og Aslaug Skjeldal har teke alle telefonar, skaffa frivillige til til ulike oppdrag, vore vaktmeister m.m.  Tilegare styremedlem Sue Rabey har i tillegg til det frivillige arbeidet ho har gjort hjå oss vore tilsett som vikar på kontoret og hatt den daglege kontakten med dei som har vore innom.  5 av styremedlemene har, på omgang, teke på seg vask av lokala våre.   Pga. innsatsen frå styret har Nabobeino klart å halde tilnærma full drift i 2015.

Pga. dagleg leiar si sjukmelding, og dermed utbetaling av sjukepengar, har vi i 2015 hatt betre økonomi enn tidlegare.  Statstilskotet for 2016 er uendra – kr 310 000, Voss kommune sitt  tilskot for 2016 er kr 314 000.   Statstilskotet er uendra, men vi har hatt ein svak auke (kr 4 000) frå kommunen.

 

Utfordringar:  Som før er det økonomien som er den største utfordringa. Vi er avhengige av at styresmaktene løyver nok pengar til løn til dagleg leiar og til den daglege drifta, og at auken fylgjer den generelle løns- og prisauken.

 

Styret 2015:

Styreleiar:               Oddvar Lillevik                      -Fagforbundets pensjonistlag

Nestleiar:                Gerd Astrid Jordalen              -Bulken Bondekvinnelag              

Styremedlem:          Ann-Lis Soltveit                     -Norges Handikapforbund

Styremedlem:          Anne Lise Lid                        -Voss Astma og Allergilag    

Styremedlem:          Per Arne Berdall                    -Voss handel og kontor                                                  

Styremedlem:          Gyrid Dolve                           -Fagforbundet  

                             (vart langtidssjukmeld -  vikar Kirsten Øvrebø)

Styremedlem:          Knut Fløberget                       -Voss Kommune

 

Varamedlem:          Brita Rong                              -Frivillig  

Varamedlem:          Birgitte Kløve                         -Diabetesforbundet Voss og omland

Varamedlem:          Åshild Søvik Underdal          -Voss kommune

                            (personleg vara for Knut Fløtberget)

 

Styret har handsama 25 saker.

 

Frivilligprisen – 2014 gjekk til Per Helleve.  I nemnda sat Oddvar Lillevik, Ann-Lis Soltveit og Brita Rong.

 

Utleige av lokale:

Lokala våre har vore mykje utleigde.   Mange eigarlag og andre frivillige lag og organisasjonar har sine styremøte, medlemsmøte og årsmøte her.

 

Samarbeidspartnarar i løpet av året:

Rehabiliteringsteamet v.Voss Sjukehus:                   Trening for slagramma ein måndag pr.månad.

                                                                                   

Kommunefysioterapeutane                                    Trening for osteoporosepasientar (beinskøyre) 2 grupper pr. veke – dei trenar til DVD

 

Kommunefysioterapeutane                                    Fallforebyggande gruppe (tidlegare parkinsongruppa)

 

Voss kommune – pleie og omsorg/og private            Fylgjeteneste/besøksteneste,  praktiske                                                                                                        oppgåver        

 

Politiet/Utekontakt/Gryto/ungdomsdiakon/

Kulturkontoret/Vesta Forsikring,

Sentrumshotella, Shellstasjonen, Essostasjonen

Vaktservice,   Drosjene. Røde Kors                          Natteravn

                                                                                   .                                 

Eigarlaga/Dei vidaregåande skulane/

Voss Kommune/hybelkoordinator                                                   

Ungdomsarbedarane                                             Bestemors kjøkken

 

Kulturkontoret                                                      Frivilligprisen,

 

Eigarlaga                                                             Skrivehjelp og kopiering  + diverse,  ma. utdeling av gevinstar

 

Barnevernstenesta og helsestasjonen                       Utleige av lokale i samband med overvåka samvær.

 

Aktivitørane i Sosialbygget                                      Vossasvinten for eldre, fellesturar til utstillingar på Mølstertunet.

                                                                                   

Kveik                                                                  Utplassering 1 dag i veka

 

Seniorsløyden på Voss Folkehøgskule                       Fått gevinstar til planlagt og utsett basar.

 

Støttekontakttenesta                                             Karalaget

 

 

Aktivitetar

Natteravn –  32  Natteravner. Talet hat gått nedover så vi har ein veg å gå med å rekrutere nye.

 

Ein-til-ein hjelp:  ca 30 frivillige.  Vi har hatt noko førespurnader etter hjelp til praktisk arbeid som td. hagearbeid/snømåking, dette er det vanskeleg å skaffe, klarar vi ikkje å hjelpe har vi vist dei til eit lite firma som utfører slike oppgåver mot betaling.  Elles så er ein-til-ein hjelpa mykje fylgjetenester til lege, tannlege besøks-, tur- og telefonven. 

 

Slagramma: trener med fysioterapeut 1 gong pr. mnd. Her er to av deltakarane frivillige til å

steike vafler, dekke bord og rydde..

 

Fallforebyggande gruppe. Trenar med fysioterapeut og ergoterapeut kvar veke.  God, stabil og humørfyllt gruppe.

 

Osteoporose:  To grupper som trenar til DVD kvar veke.  Gruppene hjelper seg sjølve med mat og kaffi.

 

Gå deg glad: Denne gruppa har i 2015 gått 45 turar i nærområde. I gjennomsnitt har det vore 9 personar på kvar tur.  Turane vert avslutta med kaffi, vafler og hyggeleg prat i Nabobeino.  Den tradisjonelle vår/haustturen vart ikkje arrangert pga dagleg leiar sitt sjukefråvær..

 

Strikkekafe:  Her møter i gjennomsnitt 12 - 15 damer  i Nabobeino kvar fredag. Vi har sendt 2 sekkar nystrikka kle  med Valborg Nummedal sine hjelpesendingar til Ukraina.  Den planlagde basaren vart utsett på ubestemt tid pga sjukdom.  Vi har vore heldige og fått stor mengder flott garn frå private, og gevinstane ligg klare til basar i 2016.

 

Bestemors Kjøkken :

Vi heldt Bestemors Kjøkken ope til juni 2015.  Etter det vart kantine ved Voss Gymnas riven i samband med ombygging av skulen og det tok lang tid før skulen fekk ordna med midlertidig kantine i Idrettshuset.  Pga. sjukdom kom vi ikkje i gang med Bestemors kjøkken andre halvår 2015.

 

Seniorshop:

Vi har hatt klebutikk for eldre i vår og haust.  Dette har vorte eit populært tiltak då det er eit stort problem for mange eldre å få tak i kle på Voss.  Vi har god hjelp av frivillige på prøverommet og sel kaffi og kaker.  Det har vore ca 35 personar innom kvar gong.

 

Vossasvinten:

Vossasvinten inviterte eldre kvinner til å delta på eige arrangement før oppstart av det ordinere jenteløpet.  Her samlasta ein til oppvarming i Velferdssentralen.

 

Karalag:

Karalaget er eit samarbeidsprosjekt med Støttekontakttenesta i kommunen.  Gruppa er lita, 7-8 personar, men den har blitt svært velfungerande. Her kjem karane innom, dei pratar, drikk kaffi, et vaflar,  og spelar Yatzy.  I løpet av året har dei vore på kino, på biblioteket og div. småturer i nærområdet

 

Tur til Lanzarote

Fredag 13 mars reiste ei gruppe på 20 personar frå Nabobeino til Lanzarote i 14 dagar.  Dette er ei ”Trivselsreise”i regi av Vital Tour der turen er lagt opp for eldre.   Dagleg leiar skulle ha vore med som reisleiar, men pga av sjukdom tok ein av turdeltakarane ansvar for gruppa.  Det vart halde  informasjonsmøte for deltakarane før vi reiste. 

 

Teleslynge:

I 2014 fekk vi prisoverslag.  Vi hadde ikkje økonomi til å få installert denne, i 2015 søkte vi Sanitetslaga i kommunen og Fagforbundet om midlar til dette..

 

Evaluering:

2015  har vore eit aktivt år – der alle har drege ilag..  Stor takk til alle frivillige for den innsatsen dei gjer for oss, og for Vossabygda. Det er dei frivillige som er ryggrada i alt vi gjer, og dei gjer ein stor og flott innsats både ved ein-til-ein hjelp, som frivillige i gruppeaktivitetar både for gamle og unge og som Natteravner.  Samarbeidet med Voss Kommune har vore godt og vi føler no at vi no og har god støtte frå lokalpolitikarane.  

 

Vi har hatt eit godt styre og godt samarbeid med gode og interesserte styremedlemer og vi har hatt ein god tone mellom oss. 

 

Mål 2015:

Få fleire frivillige og fleire Natteravner.

Halde fram med dei aktivitetane vi har.

Allsongkveldar med servering av kveldsmat.

Aktivitet ut i grendene

Kurs for frivillige til demente.

Nærare samarbeid med eigarlaga.. 

Samarbeide med dei vidaregåande skulane om å  lage digital kokebok til Bestemors Kjøkken.

Skape blest om pårørandegruppa ved spiseforstyrrelsar.

Samarbeide med Selvhjelp Norge om oppstart av sjølvhjelpsgruper.

Få inn ein person på arbeidsutprøving i regi av NAV/Kveik

Dataopplæring – kurs eller ein-til-ein.

 

 

 

Voss, 07.03.2016

 

 

Oddvar Lillevik                                                                                Kjellfrid Skutlaberg

Styreleiar                                                                                           Dagleg leiar

Flere dokumenter

KANDIDATAR til Voss herad sin FRIVILLIGPRIS 2019

No nærmar det seg utdeling av frivilligprisen for 2019 og me vil gjerne ha inn gode forslag innan måndag 16.03.2020

MC-Ramn på Voss

Natteramner på motorsykkel!

VOSS Frivilligsentral

Voss Frivilligsentral - Nabobeino. Me held til i kjellaren i Haugatun.

Ynskjer frivillige

Dei frivillige er i alle aldre og med ulik bakgrunn. Kva du trenger hjelp til veit du best sjølv.

Møtelokala våre

Me har utleige av lokale til lag og organisasjonar, med plass og dekketøy til ca 40 personar. Utstyrt kjøkken.

Frivilligprisen

Voss kommune sin frivilligpris vert delt ut på Voss frivillsentral – Nabobeino sitt årsmøte.

Styret og eigarlaga

Styret 2018

Bli frivillig

Me ynskjer fleire frivillige ved sentralen og her kan du melde din interesse.

HUGS! Årsmøte i dag kl. 19-20.30

Velkomen til årsmøte i dag. Det blir servert snittar, utdeling av frivilligpris og underhaldning.

Trivselsreise til KYPROS. 19.10 - 02.11.2019

Turen er fullteikna.

Ynskjer frivillig til fast oppdrag ein gong i veka.

Me har to ulike faste oppdrag me ynskjer frivillige til. Ein til fisking i ferskvatn og ein til fylgjing til butikken, frisør, banken etc.

SOMMARFERIE OG SOMMARSTENGD

ÅPNINGSTIDER I SOMMAR

Me treng fleire natteramnar og MC-ramnar HAUSTEN 2019.

Velkomen som natteramn eller MC-ramn på Voss. Ta kontakt med Voss frivilligsentral - Nabobeino for å melda dykk som natteramn. Kontaktperson: Kristin Kvåle Kjeilen, 916 71 027

TORSDAGAR: Bli kjend turgruppe og datahjelp

Oppstart av desse to gruppene startar opp i slutten av oktober. Dato for oppstart vil bli lagt ut på nettside og facebook.

Grannahjelpa og Voss frivilligsentral -Nabobeino inviterer til tur og omvisning i Bergslihuset.

KvammaVEKO, Grannehjelpa og Kvam turlag kjem til Voss tysdag 01.oktober 2019. Voss frivilligsentral - Nabobeino ynskjer å invitera våre sambygdingar med på turen. Oppmøte Holbergsplass v /Park Hotel Vossevangen kl.12.00

Bli kjend - turgruppe. Galleri 19

I dag har turgruppa hatt ein fantastisk fin tur i Prestegardsmoen. Flott med ein gå tur i frisk vinter luft før med kom inn i varmen i uttrågt 19. Me blei tatt vell i mot av Lise Nilsen og Kari Anne Lid Veka. Her fekk me sjå mykje fint frå lokale kunstnarar.

Bli kjend - turgruppe. Galleri 19

I dag har turgruppa hatt ein fantastisk fin tur i Prestegardsmoen. Flott med ein gå tur i frisk vinterluft før me kom inn i varmen i Uttrågt 19. Me blei tatt vell i mot av Lise Nilsen og Kari Anne Lid Veka. Her fekk me sjå mykje fint frå lokale kunstnarar.

God Jol frå oss i Voss Frivilligsentral - Nabobeino

Takk for godt samarbeid i året som har gått :)

2020 © Voss frivilligsentral - Nabobeino