Bli med på Frivilligbørs 29. januar 2025

Me arrangerer Frivilligbørs for første gong på Voss. Bli med!

Frivilligbørs er eit internasjonalt konsept, som legg til rette for meir og betre samarbeid på tvers av ulike sektorar i lokalsamfunnet. Her møtest lokalt næringsliv, frivilligheit og det offentlege ansiktet til ansikt og utvekslar ynskje og idéar til samarbeid. 

Me invitera 4 personar frå kvar instans (bedrifter, offentlege tenesta, lag og organisasjonar) til å bli med på denne kjekke dagen. Her vert det mykje moro og me skal møte andre likesinna. Her skal avtalar bli gjort og me skal berike nettverket vårt.
 Meld deg og organisasjonen din på her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdHqnAJhwmBF_3pwaQz21Kb_D-xQ6lVn_MwS-bSTUC5IhTBoA/viewform?usp=pp_url
 Meld dykk på innan fredag 24. januar. 

Kvifor skal de vera med?

For frivilligheita

·Vis kva de brenn for i lokal samfunnet.

·Finn ressursar de treng for å gjennomføra aktivitet, utan å gå vegen om å søkja tilskot.

·La andre sjå ressursane de har og finn nye samarbeidspartnarar.

·Bli sett og nå nye potensielle deltakarar, medlemmer, frivillige eller publikum.

·Bygg nyttige nettverk og lær noko nytt.

·Møt spennande menneske og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.


Fordelar for næringsliv:

·Bli med på eit internasjonalt fenomen.

·La bedrifta di bli meir synleg.

·Vis verdiane av bedrifta i praksis og at de er med på å byggja lokalsamfunnet

·Møt spennande menneske med andre perspektiv og bli kjent med kommunen på ein ny måte.

·Bygg nettverk og skap nye relasjonar for utvikling og læring.

·Bruk samfunnsnyttig innsats til personalutvikling og teambuilding.

·Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn!


Offentlege verksemder har stor nytte av å delta på Frivilligbørs.

·Ver synleg og bli kjent med lokalmiljøet på ein ny måte.

·Finn ressursar som kan gjera di verksemds aktivitetar endå betre.

·Møt spennande menneske og bygg nettverk med engasjerte organisasjonar og bedrifter.

·Bidra til meir og betre samspel på tvers.

·La nye samarbeid bidra til utvikling og læring i verksemda di.

·Ver ein støttespelar for frivillig engasjement og gode lokalsamfunn.


Les og sjå meir av frivilligbørs her: Norges Frivilligsentraler


2024 © Voss frivilligsentral